Sarah Kane: MÅ

«Høyr her. Eg er her for å hugse. Eg må… hugse. Eg ber på ei sorg og eg veit ikkje kvifor.»

Teaterlaget syner av Sarah Kane.

 

Foto/redigering: Terje Svindseth/Endre Flatmo

 

Kva vil det seie å vere menneske i ei verd der ein er utsett for ekstremt tap, lengsel og påkjenningar? I dette rå, ærlege og stemningsfulle tekstuniverset vevast minne, draum og ulike røyndommar inn i kvarandre av ni ulike stemmer på scena.

Sarah Kane (1971-1999)  reknast som ein dei viktigaste, britiske dramatikarar på slutten av 1900-talet med sine fem skodespel forfatta mellom 1995 og 1999. Kane er kjent for å tematisere den tunge sidene av menneskesinnet som lyst smerte, død og tortur, ofte i ekstreme sceniske formar med skildringar av drap, mishandling og valdtekt.

skil seg frå Kane sine andre skodespel med fråveret av den sceniske valden som er å finne i dei andre stykka hennar. Kampen mot det mørke i mennesket står likevel også sentralt i stykket, som også er blitt verdskjent for ein leik med innhald og form. Som del av framsyninga har Teaterlaget også med seg videokunstnaren Sigurd Ytre-Arne

er omsett til nynorsk av Finn Iunker.

Regi: Hedda Solberg Rui
Video: Sigurd Ytre-Arne
Ljos: Jøran Nordmann

På scena

Emil Beck Stenstad
Vivian Brattsti Sørensen
Frøydis Dahlø
Endre Flatmo
Mari Elise Haugen
Lena Sanne
Aila Sinober
Anita Topnesvåg Wergeland-Jensen
Heidrun Sølna Øverby

Framsyningar

Premiere fredag 8. desember 19.00 i Teatersalen, Rosenkrantzgate 8
Laurdag 9. desember 18.00
Sundag 10. desember 18.00
Måndag 11. desember 19.00

Datoar
8. desember 2017
Kl.19.00
9. desember 2017
Kl.18.00
10. desember 2017
Kl.18.00
11. desember 2017
Kl.19.00
Stad
Teatersalen
Rosenkrantz gt 8

Følg oss på sosiale media