Skatten på Sjørøvarøya

Kast loss, set sjøbein og bli med på jakta på kapteins Flints skatt!

Skatten på Sjørøvarøya

Finn Jenny Hawkins den vidgjetne sjørøvarskatten? Premiere på Skatten på Sjørøvarøya 19.mai! Kjøp bilettar i dag: https://bul.ticketco.events/no/nb

Posted by Teaterlaget i BUL Oslo on Wednesday, 2 May 2018

 

Vel møtt når Teaterlaget i Bondeungdomslaget i Oslo viser Skatten på Sjørøvarøya- ein familiemusikal bygd på på Robert Louis Stevenson sin klassikar.

Jenny Hawkins arbeider på eit vertshus og drøymer om å sjå verda utanfor Bristol når ho blir vaksen. Ein kveld dukkar sjørøvarar opp på jakt etter eit gamalt kart som skal vise vegen til ein sagnomsust skatt. Jenny endar opp med kartet og med hjelp frå doktor Livesey og godseigar Trelawney samlar dei eit mannskap for å finne den gjøymde formua. Men kan dei eigentleg stole på mannskapet? Og kven er eigentleg kokka Silver?

Teaterlaget  lovar song, mystikk, humor og ikkje så reint lite action når vi starter jakta på skatten laurdag 19. mai!

Skatten på Sjørøvarøya er ei familieframsyning som passar for barn frå omlag 9 år.

Regi: Fredrik Elfstrand
Musikar: Kjell Inge Kamsvåg

Billettprisar:

Vaksne: 160 kroner
Barn/student/honnør: 80 kroner
BUL- medlem: 100 kroner

Dei som er med:

Jenny Hawkins – Maria Ellingsen Austbø
Fru Hawkins/sjørøvar – Anne Cathrine Johansen
Kaptein Brit Bones/Gray – Aila Eckhoff Sinober
Doktor Livesey – Endre Flatmo
Svarte Hund/Joyce – Håvard Thorsby
Blinde Pew/sjørøvar – Pernille Gjernes Bilde
Mrs. Sherry – Torill Born
Vesle Sherry/Tina – Margrethe Frydendal Kollerud
Godseigar Trelawney – Vivian Brattsti Sørensen
Kaptein Smollett – Henri Aasen
Styrmann/sjørøvar – Odd Roald Horjem
Ben Gunn/Terry – Emil Bech Stenstad
Silver – Mari Elise Haugen
Israel Hands/Jerry – Kjell Åsmund Sunde
Morgan – Frøydis Dahlø
Merry – Heidi Gunhildberget Einarsrud
Harriet – Heidrun Sølna Øverby
Anderson – Terje Svindseth
Ferry – Inge Ytre-Eide
Dick/Perry – Lena Reksnes Sanne

 

 

 

Datoar
19. mai 2018
Kl.17.00
20. mai 2018
Kl.17.00
21. mai 2018
Kl.17.00
23. mai 2018
Kl.19.00
25. mai 2018
Kl.19.00
Stad
Nynorskens hus/Teatersalen
Rosenkrantz gt 8

Følg oss på sosiale media